HARLEYTUR INKL. HYTTE OG STØLSLIV PÅ VESTLANDET.
 
 
I eit nydeleg ver med knallblå himmel og 26 grader, sala Bodvard og PM opp harleyane. Tammy frå Arizona, Anne, Bodvard og underteikna hadde tenkt seg ein tur nordover på Vestlandet. Regnkleda hadde me sjølvsagt pakka nederst i sideveskene, og solkremen låg lagleg til.
Me køyrde Mortevika-Arsvågen, Etne, Odda, Utne - Kvanndal, Voss og til fyrste stogg på Klevbu på Vikjafjellet (ca.900 m.o.h.). Her var det blikkstilla og eit fantastisk ver. Seinare på kvelden var det grillmat på menyen.
 
Neste dag ville PM ta med seg fylgje på ein fantastisk rundtur til bl.a. "Noregs tak" (Sognefjellet/Jotunheimen). Turen starta fyrst med Stalheimskleiva med sine
18 % "brattlende". Vanskeleg å beskriva med nokre linjer; den fagre naturen me ser med bl.a. fossefall, høge fjell og fjellflora - dette må berre opplevast på nært hold. Turen gjekk vidare til turistmagneten Flåm, gjennom verdens lengste tunell - Lærdalstunellen (24 km), også ein liten stogg på Maristova Fjellhotell på Filefjell.
Vidare til Tyinkrysset, Øvre Årdal, og på dårleg fjellveg til Turtagrø (ved foten til Jotunheimen). I eit fantastisk køyrever, køyrde me opp til Sognefjellshytta og Fantasteinen med høgste vegpunktet i Noreg - 1434 m.o.h. Herifrå gjekk turen ned til Fortun. Eineståande strekning på ein halv times køyring. Her får ein oppleva snødekte vidder og urørt natur, og dei kontrastane ein får med seg ned over bakkane til Fortun ved Lustrafjorden med full sommar og slåttonna i gang.
 
Ferden gjekk vidare gjennom Luster kommune, Sogndal og til slutt Vikjafjellet. HEILT TOPP DAG.
 
Sunnfjord og stølsliv stod på dagsplanen - tredje og fjerde dag. Me kryssa Sognefjorden og køyrde nordover, og passerte Gaularfjellet - og stogga harleyane på fjellgarden Åsen ved Førde. Her levde me "herrens glade dagar" - utan straum, innlagt vatn og vannklossett. Kaffivatnet vart kokt på bålet, og alle måltid åt me ute.
Me var alle einige om at me hadde storkosa oss.
 
Siste dagen var det reisedag: Førde - Bergen  - Bømlo - Stavanger - Sandnes - Arizona.
 
Takkar fylgje for ein mega tur.
 Tekst & Foto : Per Magne