GEIRANGER TUREN SOM BRAST.....
 
Me hadde gleda oss i ca. 1 år til Geiranger turen & HOG NATIONAL RALLY. Alle som skulle vera med, såg fram til denne turen.
Ja, alt låg til rettes til ein MEGA tur.
 
Men, det er ikkje alltid  - det går slik som ein hadde tenkt seg. PM skulle vera "kjentmann & Roadcaptain". Me starta frå H-D butikken litt før kl. 14.00 på torsdagen. Fantastisk køyrevær med ypparleg temperatur. Me cruisa nordover i eit bedagleg tempo. I reisefølgje var me ein fine gjeng; Maria, Bård Einar, Erik, Kjell A., Brit, Ester, Electra & PM.
 
Ei lita mil, nord (Rullestad) for bomstasjonen i Åkrafjorden....., sa det PANG - etter å passert ein 180 graders sving. Rauk belten tvert av....
DETT VAR DETT, tenkte eg - Her går Geiranger turen fløyten..... Etter nokre tlf. samtalar, blei det konstantert at her måtte me melda pass.
Det er ikkje berre å plassera Ultraen m/sidevogn i ei pølsebu, og fixa dette på ein 1/2 time.
 
Me vinka dei andre vel avgårde til Voss & Geiranger. Ester & co fekk seg ei romantisk natt i Odda. Dagen derpå fekk både HD'en og me gratis skyss heim med redningsbil. Til slutt vil me takka Hallstein og John v/Falken Bilberging, for kjempeservice.
 
PS.: Lite bensin er brukt på turen. Faktisk er reisekassa i pluss. Me ser allereie fram til neste års National Rally. Dykk er ikkje kvitt oss so lett !

 Mvh Ester, Electra & PM

 

        SE BILDER FRA YNGVE          HER         

        SE BILDER FRA ERIK KIMSÅS           HER