NATIONAL HOG RALLY – 2003

I år gjekk turen til Trondheim (Granåsen) – og National HOG Rally. Torsdags ettermiddag den 15. juni køyrde Finn O., Are og PM i stort sett regn nordover. Fyrste stogg / overnatting var Vikjafjellet og "Klevbu". Fredag gjekk turen vidare gjennom Sogn, Sognafjellet, Lom, Dombås og Trondheim. Arrangementet var lagt til den kjente Ski-arenaen Granåsen.

Veret var brukbart heile tida, men det var kaldt. På laurdagen kom Tor og Magne. Kjekt å sjå desse gilde karane.

I samband med treffet vart det arrangert Director meeting. Dei fleste Chaptera var representerte. Forslaget til HOG Rogaland vart einstemming vedtatt. Det blei etablert ei "styringsgruppe" (Directorane frå kvart Chapter valgte ein H.O.G. in country rep. "Majoren" frå Hokksund vart valgt. Han er HOG’ s forlenga arm mot HOG Europa v/Nigel).

Søndagen nærma seg styggfort, og tida var inne for å tenkja på returen. Finn O. Are, Egil og Per Haugom hadde planen klar. Dei skulle køyrde direkte heim. Underteikna tok farvel med gjengen, og tok ein avstikkar til Nordmøre.

Treffet var greit nok, men mi meining at området var for stort. Det blei for lite intimt. Øl-teltet og musikkgruppa var plassert i enden av ein mega stor "parkeringsplass".

Me ser fram til neste års National HOG Rally i Western byen i Kongeparken

Til slutt vil eg nemna at det var skuffande - at så få personar frå HOG Chapter Rogaland stilte opp på treffet i Trondheim.

 
 NATIONAL RALLY TRONDHEIM 2003          Tekst & Foto: Per M Kleven