HARLEY CRUISE – 2003

Harley Cruise ser ut til å bli meir og meir populære tur for "Harley frelste". Totalt ca. 400 HD-syklar (nordmenn, svenskar, danskar og engelskmenn) om bord i Fjord Line’s Jupiter. Frå første stund var det god stemning om bord i båten. Og rundt midnatt var det "hæla i taket og tennene i livbåtane" – stemninga nådde nærmast klimaks med kjempemusikk av Gil Edwards og Diesel Dahl.

Kl. 12.00 på laurdagen fekk me ta del i bryllaupet til Vigdis og Johnny. Fantastisk og høgtidleg seremoni – med ein særdeles opplagt, folkeleg og humoristisk prest. Vår alles Reidar Larsen var organist. Glimrande Reidar, du er som poteta – kan brukast til alt. Seremonien vart avslutta med "Harley’ s blanda kor med bl.a. Reidar, Gryne, Olav og Steve i spissen. Ei minnerik oppleving. Veret var med oss heile distansen – ikkje ei einaste "rukka på fjorden".

På hamna i Newcastle i steikande sol, stod det ca. 150 Harleyar og venta på oss. Engelskmenne stilte me ca. 20 Road Captain’s. Med så stor kortesje (ca. 550 syklar), var det til tider galmanns køyring av desse Road Captainane. Ein skulle tru att dei hadde stjåle både sykkel og bensin ! Ein del av våre HOG medl. måtte oppi 140-150 km/t.

Det er ein ting som er sikkert. Elektra Gliden likar seg rett og slett ikkje i England med venstre køyring og høge temperatur, he-he. Magnar "sleit" i fjor me kaputt topp-pakning, og i år var det PM’s tur med "svarte" pluggar og flatt batteri. Ja, ja – eg brukte i alle fall svært lite bensin på turen…….

HOG Chapter Rogaland vart plasserte på tre ulike hotell. Kanskje, greitt nok ! Men, til neste år får me gjera ein ny vri – prøva å samla oss på eit hotell (Mariott).

Veret var fantastisk med temperatur om mot 26-28 grader. Me kosa oss, fekk med oss sight seeing, besøk i katedralen, shopping og leska oss med kalde drikkevarer ved Kings Arms. HERLIG LIV ! På laurdags kvelden var det felles buss tur til fly museet og grillaften.

I godt lag går tida så altfor fort. Det var allereie søndag, og tida var inne for pakking av syklar, og retur til gamle landet.

Turen gjekk via Hartlepool med ein liten stogg, og ein lengre pause hjå Harley Dealer Just Harley’s.

For andre året på rad fekk HOG Chapter Rogaland tildelt pokal for det største Chapteret (47 stk.).

Til slutt får me takka Fjord Line og HOG Chapter Bergen for ein fantastiske fine tur. Me gleder oss allereie til neste år’s Harley Cruise 2003. Då er det 5 års jubileum.

P.S.: Einaste skår i gleda, var at videofilminga til underteikna blei ein einaste nedtur – berre "rulle" bileter. Eg får gå til anskaffelse av nytt digital videokamera.

Tekst & Foto  Per Magne Kleven

SE REPORTASJE BERGENS TIDENE