HARLEY CRUISE 2002
| Vitjing av Geordie Chapter
Torsdag den 30. mai fekk vårt HOG Chapter vitjing av HOG - Geordie Chapter frå England. Ca. 13 harleyar frå Geordie Chapteret og 3 harleyar frå vårt lokale HOG (Einar, Ove og Per Magne) vart med på ein kjempefine tur til Lysebotn / Sirdal. Me møtte opp på kaien i Stavanger kl. 08.00, og tok i mot folket. Beklaglegvis, blei det ståande (skårfast) at ca. 10 syklar ombord i båten. Dei hadde tenkt å vera med oss på turen, men dei parkerte slik at dei ikkje kom seg av ferje i Stavanger. I tillegg var det 10-15 syklar som Bergen Chapteret tok med seg til Bergen. Steven var los det første stykke. Veret var ikkje so hakkande gale, so Ove staka ut kursen til Lauvvik - for å ta ferja inn til Lysebotn. Turen inn tar ca. 3 timar. Her inne møtte me "opne slusar" - so det var best å ta på seg regnklede. I utganspunktet var Ørneredet på Øygardstøl stengt, men vertsfolket på Sirdals Høgfjellshotell (eigar av Øygardstøl) var serviceinnstilte og særs imøtekomande. Dei "opna" restauranten for oss - og serverte ei nydeleg sodd suppe (pinnekjøt og grønsaker) + kaffi. Ein stor takk til vertskapet, for at dei tok i mot oss. Me kjem atte under Rypetreffet (14 - 16 juni). Turen gjekk vidare i pøsande regnver. Litt småstogg, for ta nokre bileter + bensinfylling hjå GP'en. Siste stogg var på Byrkjedalstunet, og svipptur opp til Gloppedalsura. Ferden enda opp med Harley Davidson, Stavanger i Sandnes. Dei heldt litt lengre oppe for å ta i mot gjestane frå England. Takk til dei og. Me konkludrear med at alle hadde ein megatur. Kjekke folk som me treivst godt i lag med.
|
SE BILDER FRA GEORDIE'S WEBSIDER
Teks Per Magne Foto: Rolfen - Per Magne - Einar
|
![]() |
|
![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
|
![]() |
|
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |
|
|