SIRDALSTUR |
|
| "Fagert er landet" , skreiv diktaren Hovden. Og det kan dei våryre Harley frelste skriva under på. Det var kjempever med sol og knallblå himmel - då me om lag for 3-4 veker sidan køyrde med dei blankpussa Harleyane sine til Øvre Sirdal, Haugen Camping - for å "sondere terrenget" i forkant av "Rypetreffet som skal arrangerast 2. helga i Juni. |
|
Byrkjedalstunet Oli,Glenn,Finn O. og Gabriel |
|
|
Fyrste stogg var på Byrkjedalstunet med kaffi og høge sigarføring. Midt oppe på høgda nokre kilometer frå Lortabu fekk med ein ufrivillig stopp. "Data-Rolf" fekk trøbbel med den eine gass wiren på Ultraen. Med Leatherman og Harley verktøy, fekk me i fellesskap skifta ut den defekte wiren med retur wiren. |
"Data-Rolf" med tunga beint i munnen i forbindelse med fixing av gasswire.Oli er assistent |
|
| På Haugen Camping konstaterte gjengen med at det kjem til å bli eit vellykka treff i Juni. Etter ein kort pause køyrde me vidare til Tonstad, der det blei innteke ein lettare lunch. Etter ein kort diskusjon, bestemte dei fleste å køyra strake vegen heimatte - og Bodvard, "Data-Rolf" og Per Magne ville ta seg vidare til Lyngdal via Eiken for å få fatt i nye wire. Atter ein gong fekk me ein gilde tur på Harleyane våre. |
|
Pust i bakken på Hunnedalsveien |
|
|
Tekst & Bilde Per Magne Kleven
|
Gutta tenkjer: "Her ska det ble liv på Rypetreff" |