HOG Chapter Rogaland jubilerer:

DET FEMTE RYPETREFFET 2003

HOG Chapter Rogaland arrangerte Rypetreffet for 5-femte gong i Sirdalen, hjå Haugen Camping.. Veret er alltid i fokus. Poker Run i "tåkeheimen". Aud fekk tildelt ei velfortent gåve frå HOG Noreg. Fyrverkeri ved midnatt. Både små & store kosa seg.

PM / tekst  Foto/ PM & Rolfen

Ja, so Rolfen skreiv innledningsvis var det rett og slett ikkje den høge temperaturen på Rypetreffet i år. Veret kan ein ikkje gjera noko med – det er berre å kle seg……! På laurdagen var det stort sett opphald, og temp. passerte so vidt 10 grader.       Poker Run gjekk som vanleg av stabelen med utgangspunkt i dei faste "postane"; Ørneredet og Lysebotn. Ca. 12 Harleyar tok avgårde, og oppe på heia møtte me skodda som var so tett og tjukk – at me knapt nok kunne sjå våre eigen framskjerm på sykkelen. På Ørneredet konkluderte me med at Lysebotnen kutta ein ut. Ja – kjekke tur var det likevel.          Dei fleste av oss fekk vel ein liten tåre i augekroken, då Tor overrekte Aud ei kjempefin klokke. Dette var ei høgst velfortent gåve frå HOG Noreg, som takk for det utrulege og gode arbeidet Aud (In Country rep.) har utført for oss i HOG. Atter ein gong, Aud – tusen, tusen takk for din kjempe innsats.       Gruppa Børst frå Moi MC sytte for god musikk inne i teltet på laurdags kvelden. Intim og god stemning. Ved midnatts tider fekk dei "feststemte" med seg eit eldorado av eit fyrverkeri spel.        I år var me ca. 100 personar på treffet. "Slekta vår" kom frå Chapter Telemark, Chapter Oslo, Chapter Kristiansand, Chapter Lyngdal (største reir), Chapter Haugaland og Chapter Bergen og Chapter Rogaland.         Underteikna tok seg ein runde på søndags morgonen, og snakka med folk. Konklusjonen var at både store og små hadde storkosa seg på treffet. Under nedrigginga på søndagen, var det skikkeleg bra ver, med solglytt og god temp. Me fekk oss ein fine tur heimatte      Til neste år – 11/13 juni 2004, arrangerar me National HOG Rally i Westernbyen (Kongeparken). Velkomne skal du vera.

SE REPORTASJE FRA "Rigging av leir"