RYPE-TREFF 2000 ©
Har du bilder så send meg en mail : mailto:rrk@amr-routers.com
|
|
|
|
Støttar muskelsjuke barn. Laurdagen blei mellom anna nytta til «Poker Run». Det går ut på at pokarspelarane trekkjer eit kort ved starten som forel kor neste trekkjestad er. I dettte tilfelle var det på «Ørneredet» ved toppen av Lysefjordvegen. Neste trekkjestad var nede i Lysebotn. Under dette arrangementet fekk muskelsjuke barn vera passasjerar. Nokre på baksetet, andre i sidevogna. -Det var gøy å vera med på dette, seier Thomas Wiesa frå Stavanger. Han var ein av vel 40 muskelsjuke som fekk ta del i motorsykkelfolket sine tilbud. Harley Owners Group avd. Rogaland, som saman med Harvey-Davidson Norge AS stod bak arrangementet, gjev også årleg pengestøtte til muskelsjuke barn. I fjor blei 40.000 kroner overrakt til foreininga. -For at dette arrangementet skulle gå i balanse, måtte det koma 170 deltakarar. Sidan det kom 240 blei det eit brukbart overskot, fortel Engebretsen. Treffet er i ferd med å avsluttast når me ved middagstider på søndagen ankjem området. Den typiske Harley-Davidson duren fyllar campingplassen. Ein etter ein gjer seg klar til å dra. Motorduren som lyder som den finaste synfoni i ein Harley-frelst sine øyrer, kan kanske oppfarttast anneleis av naboane. Det er denne duren som fyller Haugen denne disige søndagen midt i juni. -MC-folka som har vore her, er alle tiders. Så for vår del ser me gjerne at dei kjem attende til neste år. Men me har ikkje fått snakka med naboane for å få deira reaksjon enno, seier Solveig Therese Skreå ved Haugen Camping. Levande musikk. Levande musikk frå ei improvisert scene laga av ein av Sirdalsruta sine tilhengjarar, fylde festområdet både fredags- og laurdagskvelden. Fredag var det «Adle Manns Eie» (ex. Stavangerensemblet) som spela opp. På laurdagskvelden var det Reidar Larsen Rune Edvardsen og The Bluesman sin tur. -På eit slikt arrangement som dette er me avhengig av det blir gjeve skjenkeløyve. Men alt går stille og roleg føre seg, forsikarar treffgeneralen, nyleg heimkomen frå eit likande treff i Spania. -Så me får gamle på at det også går i orden til neste år. |
|
![]() |
||
![]() |
|
|
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |
|
![]() |
![]() |
|
![]() |
Forsettelse HER Nye bilder pr.20.10.2000 Reportasje HOG Oslo Reportasje Forening for Muskelsyke |