"Spring Party" i Haugesund

-16/17. mars 02

På laurdagen den 16. mars kryssa me Boknafjorden, på veg mot endepunktet - Haugesund. Det var ca.17 personar frå HOG Rogaland som prioriterte denne helga til fordel for ein Haugalands tur og "Spring Party" i regi av Haugaland Chapteret. Dei "tøffaste bikerane" kledde på seg "vinter lang", og cruisa avstad til "hovudstaden" på Haugalandet.

Opphaldsstaden var Rica Maritim. Dagen og delar av kvelden gjekk med til sosialt samkvem samt trykkja noko pizza inn gjennom etarholet. Og enkelte kosa seg med kinamat. Fine stund på alle måtar. Seinare på kvelden valsa gjengen "rett over gata" - og til den store kvelden / natta på Høveleriet. Her støytte me på eit lang bord, der folket "heimatte frå" - kunne sitja og nyta eit glas med Carlsberg light. Ja, og i eit lystleg lag og i spesielle høve, passar det seg også med høge sigarføring !! Det var helst lite folk på festen, men det er alltid opp til ein sjølv - og "laga litt positivt liv", og ha ei triveleg samkoma.

På søndagsmorgonen starta ein friske og opplagde med ein gode frukost. Etterpå var det på tide og "samla troppane", og koma seg sørover og heim.

"Spring Party" anno 2002, er allereie historie. Takk for ein kjekke tur.

PM