Sandnes reiselivssenter

Tekst: Per Magne    Foto: Rolfen & Per Magne

Sandnesveka opna i strålande motorsykkel-ver

 
Onsdag den 5. juni kl. 11.15 - møtte Reidar, Håkon, Terje K., Tor, Ove, Rolfen og Per Magne opp ved HOG kontoret. Veret var utruleg bra. Nærmast skyfri himmel, over 20 gr. Ja, me kunne i hvert fall ikkje klaga på veret i dag.
I dag var det eit nytt og spennande arrangement på gong. Harleygjengen skulle stilla med kortesje med faneborg i forbindelse med opning av Sandnesveka.
 
Tidligare år, i forbindelse med opning av Sandnesveke - har det vorte nytta bl.a. veteranbilar og hest og kjerre. Leiaren for Servicebyen Sandnes, Jon Axel Granberg - pønska i år ut eit nytt genialt stunt. I samarbeid med HOG (Harley Owners Group) - stilte harleygutta velvillige opp med 5-6 blankpussa harleyar med Sandnesgaug flagg, det norske flagget samt HOG flagget.
 
Ordførar Jostein Rovik stilte opp i svart dress, kjede og ny innkjøpt svart halvhjelm - og slengte seg elegant bak på harleyen til Reidar Larsen. Sandnesveke general Jon Axel Granberg i lånt HOG vest, plasserte seg smilande bakpå harleyen til PM. I det praktfulle veret skulle ordføraren få føla vibrasjonen frå Reidar's Road King på 1450 kubikk - og bli cruisa gjennom Sandnes gatene, og til slutt enda opp i følgje med harley kortesjen gjennom gågata - Langgata. Ved Amfiet skulle ordførar Rovik føreta opning av den årvisse Sandnesveka.
 
Ja, veret visste seg frå sin beste side - og det var reine "folkemylderet" som fekk med seg seansen med harley kortesjen.  Klokka 12.00 blei Sandnes veka offisielt opna av ordførar Jostein Rovik.