Samkoma med bebuarane ved Rovik BO- og aktivitetssenter
 
Det var ei kjekke oppleving me i HOG hadde med bebuarane ved Rovik Bo- og aktivitetssenter. Onsdag den 22.mai hadde me avtalt med avd. leiar Eiliv Scanche Braut - at HOG skulle stilla opp med 3-4 harleyar. Nikki, Bodvard, Rolfen og Per Magne stillte sjølvsagt opp på dette vellykka arrangementet. Veret var med oss, so alt låg til rette for å prøva noko nytt. I forkant var det avtalt at TV-vest og Stavanger Aftenblad skulle vera på plass, og laga til ein liten reportasje. Greit med litt profilering !
Kjempeopplegg; det vart eit særs kjekt og vellykka samkoma.
 
Me var litt spente på om bebuarane torde å sitja bakpå med oss harleygutta. Ingen problem - snakk om kø - bebuarane måtte nærmast "slåst" om å få sitja bakpå.
Den eldste "eksosrypa" var ca. 90 år.
 
På tampen av dagen, fekk me vera med på grilling. EIN HEILT TOPP DAG !
 
Ein liten takk til Eiliv ved Rovik Bo- aktivistsenter, for at me fekk vera med på dette kjekke arrangementet.
 

Tekst & Foto Per Magne Kleven

     Se reportasje Stavanger Aftenblad

    Se video fra TV Vest