|
Eit tilbakeblikk
dei siste åra på Harleyen,............"med kamera i
brystlommen":
Ja, ja, folkens - sesongen er på hell.
Ein ting er heilt sikkert; temperaturen kryp kjapt og gale nedover på
gradestokken. Det byrjar å bli kaldt på fingertuppane. Og Vegvesenet
er allereie i ferd med å salta vegane våre. Det er ein kjennsgjerning
for dei fleste av oss at sesongen er slutt, og det er på tide å
setje Harleyen på stallen.
Det betyr at i halvt år fram i tid, blir
lite med stoff (HOG turar og reiseskildringar) på WEB sida vår.
Fortvil ikkje, ein gong i veka - vil det bli
lagt ut ein bileteserie på WEB sida. Underteikna har etter kvart
opparbeid seg eit stort bilete-arkiv som eg med glede vil dela med Dykk
andre. Bilete seriane er frå alt mellom "himmel og jord" -
naturbileter, HOG arrangement, HOG turar, andre turar med Harley,
sosiale samkoma, bileter frå dugnadar, Harley biletar..........., eg
seier ikkje meir.
"KOS DYKK MED BILETENE I HAUSTMØRKET".
Til slutt, vil eg oppfordra alle som har
digitalbileter - og som Dykk vil dela med oss andre. Send dei til
underteikna på: pemaklev@online.no ,
so skal eg "setja dei system", og formidla dei vidare til
Rolfen. På førhand tusen takk.
Mvh
Photographer PM
|
|
|