Julegraut
15.12.01
Den årvisse julegraut samkoma gjekk av stabelen den 15.12.01 - i det nye HOG
kontoret, Holbergsgt. 23 (Harley Davidson, Stavanger).
Marianne og Ragnhild var grautkokare denne gongen. Me takkar dei so mykje for den gode grauten. Den
gjekk ned på høgkant !
Det er ein tradisjon at det på denne tilstelninga, vert overlevert ein
gåvesjekk til FFM (Foreninga for muskelsjuke, avd. Rog.). I år var det den
nyvalgte Director Einar Kverneland som hadde det ærefulle oppdraget med å
overlevera sjekken
(pålydande kr. 20 000,-) til FFM, ved leiar Jens Petter Nielsen.
Det var ca. 30-40 stk. med stort og smått som var innom lokalet denne dagen.
Mykje takk til dei som møtte opp.
Til slutt vil me på vegne av HOG, ynskja alle ei retteleg
God Jul og eit Godt Nytt År.
Me ser fram til ny HD sesong i 2002.
Ref. Per Magne
|