HOG's medlemar sine fritidsboligar og byggeprosjekt

Tekst & Foto: Per M

I dei siste åra, har nokre av HOG medlemane gått til anskaffelse av fritidsboligar på Vestlandet. Det er greit å ha ein "fristad"- der ein kan lada opp atte batteria.           Magnus har investert i ein fritidsbolig litt nord for Etne. Takst kr. 1 300 000,-. Han var ikkje på plass, då me køyrde forbi i forrige veke. Me reknar med å få kaffi, neste gong me køyrer forbi.

PM hadde det høgste bodet på "eventyrslottet" i Lærdalsdalen (naboen til Borgund stavkyrkje). Han måtte punge ut med kr. 1 750 000,- for herligheita. I forrige veke fekk han besøk av Bodvard. Den godeste Bodvard gjekk opp trappa, men fann ikkje døra (sjå bilete). Her blir det mykje dugnad på ettersommaren. Dei som ynskjer å vera med frå HOG - kan berre ta kontakt. Overnatting og mat er gratis.

Bodvard vart so betatt av naturen oppe i Sunnfjord, at han slo til å kjøpte eit byggeprosjekt, han trudde var prefabrikkert. Pris kr. 850 000,-. Tomta er på ca.25 kvadratmeter. Her skal han få slite med å få fram materialen. Det er 8 km til nærmast veg. Han må nok ty til helikoptertransport.
Anne har anskaffa seg ein residens med eit rom og kjøkken. Ho tåler ikkje sollys, so det er greit at det ikkje er vindauger i bygget. Pris kr. 550 000,-.