HOG CHAPTER ROGALAND GRATULERER BRYGGEN SENTER HOMMERSÅK AS MED NYTT BUTIKKSENTER

Det har vorte ei ny tidsrekning på Hommersåk – ca. 15. km frå Sandnes sentrum. Til glede for dei ca. 7000 innbyggjarane som bur på Hommersåk, blei det på onsdag den 17. april, offisiell opning av nytt butikksenter – Bryggen Senter Hommersåk as. I dette butikksenteret er det etablert bl.a. fylgjande næringsgreinar: Rema 1000, Bryggen sport & fritid, Jernia, Shilaz, Sandnes Sparebank, Bryggen Bistro, Fix frisør & parfymeri og Tor’ne Rose – blomster & gaver.

På laurdagen den 20.april, stilte 20-30 HOG medlemar med blank pussa Harleyar, og køyrde kortesje inn til eit felles arrangement ved butikksenteret i 12 tida. Enkelte av Harleyane var "pynta" med HOG Chapter / Harley flagg. Det var den velkomstkomiteen som tok i mot oss på "festplassen". Me parkerte syklane på rekke og rad, og det var reine maurtua rundt oss og syklane. Det var ei kjekke stund både for dei store og små.

Etter at "ståheien" hadde lagt seg, vart det organisert HD køyring med dei forventningsfulle ungane. Dei var so oppglødde og spente, at dei visste knapt nok kva slags fot dei skulle stå på.. Me hadde med oss ekstra hjelm, so det var berre å starta fremst i køen. Det vart ein kjempesuksess på alle måtar. Veret var med oss, og stemninga var på topp ! Kanskje eit lite minne for livet !!!!!

No reknar ein med at rekrutteringa er sikra for HOG.

I tillegg underheldt Hans Petter Hansen med sine gamle klassiske melodiar.

I og med at me stilte opp på dette positive arrangementet – sponsar Bryggen Senter Hommersåk as, HOG Chapter Rogaland med Kr. 5000,-. Beløpet er øyremerka til vårt arrangement - Rypetreffet 2002, Sirdalen som går av stabelen 14 – 16. juni 2002.

Me takkar so mykje for bidraget, og at HOG fekk ta del i dette gilde arrangementet.

Til slutt vil me få gratulere Bryggen Senter Hommersåk as med nytt butikksenter.

Ref. P M Kleven