Smalahovesleppet 99-VossBÆÆÆ .; Ja "Smalahovesleppet" blei ein skikkeleg, heidundrande, gjeve og minnerike folkefest for dei som tok turen til Voss i helga den 1. og 2. oktober. Me var ein trauste og fine gjeng (15 stk. frå Chapter Rogaland og 2 stk. frå Chapter Oslo) som skulle ta del i den årvisse "Smalahovesleppet 99". På fredagsettermiddag, for me friske og raske frå Stavanger - i den "nye HOG bussen" med Bodvard som stødig sjåfør. Stemninga var upåklageleg frå starten av, og dei fleste var nok litt spente på denne turen til Voss med samla flokk i ein buss. Me var noko uheldig med å bomma på nokre ferjer, men HEILT TOPP, og sosialt og reisa på denne måten. Ei stund var det litt vanskeleg å vita - om kven som var mest tyrst - bussen eller passasjerane. Bussen stakk avgarde med sigeren. På heile turen måtte me etterfylle 40 - 50 liter med vatn. Me innkvarterte i eit hus på Flatlandsmoen Camping (ca, 10 km frå Voss sentrum). På tunet tok Roger i mot oss "slitne reisande", og han losa oss inn i ei oppvarma peisestove. HERLIGT ; og det var himmelsk å få lena seg bakover i go stolen - og ta fram Havanna sigaren, og sveipa blikket mot dei intenst brennande bjørkepinnane i peisen. Seinare på kvelden/natta serverte Ragnvald 5 kg. med Åkrapølse med skiva attåt. Laurdagen møtte oss med brukbart ver, og gjengen såg fram til ein opplevelsesrike dag på alle måtar. Me starta opp bussen og tok turen ned til Voss sentrum - for å bivåne dei ulike aktivitetane. Her vart me møtt me ei herleg blanding med kultur, tradisjonsmat, auksjonar, demonstrasjonar av ulike produkt og handverk, underhaldning, veteran og Amcar utstilling med mykje meir. For å ikkje gløyma smaksprøvane med Vossakorv og rømmegraut inkl. spekemat. Roger var stornøgd med dagen, han fekk til og med prøva seg på hesteryggen.
|
I halv tre tida for me "heimatte" for avslapping og oppladning til den store samkoma i teltet i Vangsgata seinare på kvelden. Forspelet tok me i lavo teltet hjå Aud og Tony. Her smakte dei voksne på smalahoveølet, og dei aller minste fekk Pepsi cola. Me fekk til og med instruksjon om korleis ein skulle handtera smalahove. I godt selskap går tida fort, og 19.45 labba me i veg til den "store kvelden" i teltet. Litt kluss blei det med bordplassering, men ein opplagd Harald Skorve fekk plassert oss i lag i nederste enden av teltet. Ca. 400 smalahoveetarar var samla, og stemninga og atmosfæren var på topp. Jon Aske var konferansier, og leia festen på ein framifrå måte. Det var ikkje mange av oss som hadde smakt smalahove før. So det var nok ein del av oss som var litt spente på dette måltidet. Maten og smalahoveølet/smalahoveakivitten gjekk ned på høgkant. Underteikna fekk sjå mange løgne ansiktsuttrykk og ulike kroppsspråk rundt omkring - spesielt då auga var på veg inni kjeften. Minne for livet, spør du meg ! Det blei ein storarta kveld. Einaste som var negativt var den stive prisen på akevitten - 50 kr. pr. glas. Slå den ! Me fekk i alle fall ein del oppmerksomheit. Dei fleste av oss gjekk med HOG vest, og OLI og Roger hadde utstyrt seg ekstra med "heimalaga" solbriller (limt på akevitt glas på solbrillene). Det var litt av eit syn ! Resten av kvelden var som ein dans på roser. Dagen derpå, var alle ved godt mot og i kjempehumør. Alle saman var einige om at dette måtte me vera med til neste år også. Ved søndags middagstider var det oppbrott i leiren, og på tide å pakka i hop eigendelane våre - og koma seg heim til Rogaland. BÆÆÆÆÆÆÆ ..var gjennomgangsrefrenget på heile heimturen. Mvh Per MagneP.S.: På måndagen fekk underteikna ein telefon frå Smalahove generalen Harald Skorve. Han sa at dei vart litt skremde og skeptiske - då det troppa opp ein gjeng med "rørslege" karar med skinnvestar og greier. Men, det visste seg at me oppførte oss som ein flokk snilde kalvar. Me fekk berre gode attestar og positive tilbakemeldingar frå arrangementskomiteen, og me var hjarteleg velkomne til neste år også. |